Søndag og stålande sol - varmerekord i Bergen - då er det på tide å flykte til fjells igjen. Finnbunuten har bydd på fin kjøyring i starten av sesongen, og alt låg til rette for at det skulle verta fine forhold også denne gongen.
Det var rikeleg med snø, trass at det var 14 gradar i lufta ved Samecampen i byrjinga på Vikafjell. Det viste seg også at den bar godt - så det var enkelt å ta seg oppover. Ca. 2,5 timar tok det til toppen i behageleg tempo tilpassa været. Shorts og t-skjorte var meir enn nok for å halde varmen.
Heldigvis tok sola litt mindre opp det brattaste henget.
Upåklageleg utsikt i retning Voss
Heller ikkje så verst mot Sogndal og Jostedalsbreen.
Herleg forhold på vegen ner.
Begynner å få taket på å køyre med kamera i handa, så det vert litt meir spanande filmer enn om ein har det på hjelmen. Og provisorisk magebelte-feste får meg til å sjå ut som ein misforstått turist, men det funker nogenlunde, så skal bere over med det.
Lillebror på veg ned det brattaste partiet bak meg, litt redusert då han måtte ty til fjellskia. (Nokon meinte at telemarkskia kunne ligge att på hytta etter påske...)
Men det vart litt fin køyring på han også.
Mot slutten vart det litt meir fuktig snø, truleg i ein kombinasjon av tidspunkt og høgdemeter. Me starta turen kl. 10.00 frå samecampen som nr. 2 på veg oppover, men det vart fleire og fleire som kom etter utover dagen. Men trur det var lurt å vere tidleg avgarde. Det var også ein på toppen som kunne melde om våte forhold i den solvendte sida ned mot Myrkdalen - trur me var meir heldig med vegvalget vårt.
Fakta:
Start: 750 moh. Topp: 1358 moh.
Tid opp: 2,5t. Tid ned: 1t







