fredag 19. april 2013

Nytt medlem i Familien Mjøs

Mathilda kom til verden 16.04. kl. 01.59 - Stor jubel i heimen.

Og svigermor har sjølvsagt sørga for at jenta har fått seg ski - tusen takk for det.




Og i går vart standarden satt. Mindre enn 3 dagar gamal fekk den nye sjefen i huset sin første tur til Fløyen. Og mange mange fleire skal det bli etterkvart.

Været og utsikten var det heller ingenting å sei på. Nydeleg flott Bergens-vær med utsikt få andre byer kan skryte av. I alle fall dersom ein har evnen til å fantasere litt sjølv.

Far gleder seg stort til å kunne ta med seg Mathilda på mange flotte turar i tida framover. Det gjer også mor, men ho treng naturlegvis litt meir tid på seg før det vert dei heilt store utfluktane. Det er ein stor jobb å bringe eit lite barn til verda.





torsdag 18. april 2013

Skrott

Søndag 07.04.13

T-day = 1 week - 1 day... Altså 6 dager til termin. Men det er jo framleis fint i været og snø på marka. Og som den perfekte kåno som ho e, fekk eg innvilga fri for å dra på topptur til Skrott. Prisen var lav - 2 stk kjeks med brunost servert på senga. God deal :-)


Skrott er eit nydeleg fjell som ein når frå Øystese i Hardanger. Ein god time kjøyring frå Bergen. Det er ein tur som går igjenom 3 fasar. Først er det 
bratt og krunglete klatring gjennom bjørkeskog frå ca. 300 moh. til rund 6-700 moh. Etter dette er det videre gjennom flott og nakent vinterfjell opp til ca. 1060 moh. til ei hytte som ligg rett under toppknausen. Me valgte den mest utsatte traseen opp på sørsida, der ein bør ta av seg skia det siste stykke før ein kjem opp på platået på toppen. Fanstastisk utsikt ut overe trassen opp, og rund 100 høgdemeter ned til skispora nedanfor. Det var stabil snø og ingen problem å lage gode trinn sjølv utan stegjærn. På dagar med skare o.l. vil det vere nødvendig med øks og stegjærn for å gå denne ruta trygt. Det er ei alternativ oppstigning som går rundt på baksida og opp ein litt slakare og snillare trassé.



 






På toppen satt det to stk å venta på oss. Det vart hyggeleg prat, og litt råd om nedfarten vart delt. Sola var litt til og fra gjennom tidvis tette skyer, men det vart enkelte glimt med fanstastik utsikt.




Fantastisk fin og tørr snø på toppen


Me valgte same rute ned som me hadde brukt opp, og av sikkerheitsmessige grunnar var det best å ta skia på sekken ned det mest utsatte partiet.


Fin stil på veg ned mot skogen.


 Artig kjøyring med kreative linjevalg nedover i skogen




Det var desverre ikkje nok snø alle stader, måtte forsere nokre av skrentane utan ski på beina


Og nokon litt mindre elegant med ski på...


Men det var også ein god del fine linjer å finne.

Fakta:

Start: 266 moh. - Topp: 1320 moh.
Tid opp: 3-4t. Tid ned: 1-1,5t

(tider inkluderer graving av snøprofil samt ein del film og bilder - rekner også med nedfarten går kjappere om ein velger enklere linjer gjennom skogen)

tirsdag 9. april 2013

Fra Upsete til Ustaoset

I vinterferien var det tid for å komme seg til Fjells. Litt famile var på hytta på Ustaoset, så ein visit der var på sin plass. Konemor måtte desverre vere igjen heime og jobbe fram det little barnet i magen, så det var duka for solo-tur.



Eg tok toget opp i solskinn til Upsete stasjon. Første delmål var å karre seg oppover til Kaldavasshytta. Det tok ikkje lang tid før eg vart forbigått av 2 stk som hadda pakka litt lettare enn meg, men det var greit å ha nokon å ligge i helane på.



Etter Kaldavasshytta bar det bratt oppover mot Vossaskavlen. Vatnet ved hytta ligg på 1200 moh. medan toppen rett før Vossaskavlen er på 1500 moh. Og det er ikkje meir enn ca. 1km. i luftlinje - så dette vart turens hardaste oppstigning. Eg tok ikkje tida, men trur det gjekk ca. 2 timar.


 
 Her er eg neste på toppen, og ein kan i teorien skimte Kaldavasshytta i bakgrunnen. Herifrå var det slutt på tunge oppstigningar, og det låg ann til å verta ein del fine, og nokon utfordrande nedkjøyringar. Eg vart advart om at det kunne vere behov for å fire pulken ned med tau i enkelte av skara, men dette viste seg å gå meir eller mindre smertefritt.





Etter ei roleg natt ved Hallingskeid utan mobildekning, (dette var litt kritisk då eg gjerne skulle ha sjekka med konemor om det var kommen eit litt for tidleg barn eller ikkje) bar det i veg mot Finse for å freista lukka der. Herleg å starte dagen samstundes som sola står opp.






Etter nokre timar klarte sola å ta meg igjen, og isen i skjegget og håret begynnte å sleppe taket. Knappe 4 timar tok det til Finse, der eg kunne få bekrefta at barnet låg trygt og godt inne i magen.

Etter telefon, kaffi, Finse-blings, bolle (desverre med rosin) og ein noko overprisa solkrem frå Finse supermarked var eg klar for etappe nr. 2. Benedicte kunne vinke meg avgarde gjennom BT sitt web-kamera der eg stod fint å venta på at toget skulle køyre forbi.

Eg håpa på at det skulle vere spor å følge frå Finse, for å kunne klare å komme fram til Ustaoset utan ei ekstra overnatting. Dessverre varte det ikkje lenge før det vart usemde mellom kartet og skisporet. Eg vart nødt til å leggje mitt eige spor.



Eit antall timar seinare, etter det frykteleg lange og kjedelege Lengjedalsvatnet, var det heimlege fjell i syningom. Hallingskvarvet som delast brutalt i to ved Folarskaret er eit tydeleg teikn på at det ikkje er så langt igjen. I alle fall ikkje i denne samanhengen. Middagen som hadde vorte utsett fleire gongar, lova at den skulle komme på bordet når eg var komen inn på kvista løype ved Bjørnebulægret.


Etter ein kort, god og litt lunken middag kom månen fram for å visa meg vegen det siste stykket. Dagslyset hald ikkje heile vegen fram, og det vart ca. 2 timar i nydeleg måneskinn. Hodelykt var kun nødvendig ved stor fart i ein "offpiste" kryssning mellom to løyper.

Det gjorde godt å komme fram til oppvarma hytte på Ustaoset.

Fakta:
Dag 1: Upsete - Hallingskeid: 19 km - 7t
Start: 880 moh. Høgste punkt: 1521 moh. Slutt: 1090 moh.

Dag 2: Hallingskeid - Finse - Ustaoset: 56 km - 13t
Start: 1090 moh. Høgste punkt: 1454 moh. Slutt: 1100 moh.