onsdag 19. mars 2014

Sovande til Bergens tak

Sovande til Bergens tak


Fredag 7. Mars var det varsla "ekstremvær" i Bergen. Det skulle regne "katter og hunder", "bøtter og spann", eller i alle fall store mengder. I tillegg skulle det vere ein "lei trekk", storm eller i alle fall noko i den retning. Denne sjansen kunne ein ikkje la seg gå hus forbi. Takketvære fru fjellsprell har familien Mjøs gått til anskaffelse av ein Osprey Poco Plus bæremeis, og denne måtte jo settes på prøve. Tidlegare turar i meis, har vist at kombinasjonen sterk vind og mykje regn ikkje alltid har fallt i smak for frøkna bak på ryggen.

Det viste seg at dette var ein stor hending, så fjærnsynet stilte opp og foreviga starten av turen, som var frå Montana. For dei som eventuellt ikkje kjenner til kvar Bergens tak er (frå overskrifta) så er det altså fjellet Ulriken med sine 643 moh. Opptaket, som vart vist på vestlandsrevyen finn ein her: Vestlandsrevyen 07.03



Etter lett vandring gjennom skogen, på framsida av fjellet, kom me etterkvart opp i meir ope landskap, og meire vær. Kunne her observere, gjennom speil-kompasset, at Mathilda brydde seg fint lite om været som hamra inn frå vest. Ho pludra og koste seg som vanleg inni den little hula som regntrekk og solskjærm lagar til ho. Etter denne testen, fann eg ut at det ikkje var nokon grunn til å snu ved første motstand, så me traska fint videre oppover.








Om det var den manglande utsikta, og at turen difor vart for kjedeleg, eller om det berre var all leikinga på førehand som gjorde det er usikkert, men uansett, 100 høgdemeter før toppen sovna Mathilda baki meisen. Og utsikta var jo ikkje noko å skryte av. Eg hadde vel i grunn nok med å gå med sjøbein for å ikkje blåsa overende siste stykke opp mot masta. Ein kjapp stopp for å ta på ein fleece, så bar det ned igjen. Mathilda sov. Over kammen og ned dei fyrste trappetrinna måtte hetta på jakken gi tapt, og slapp taket frå hovudet, så ein kan vel trygt sei at det var litt meir enn berre ein "lei trekk" denne dagen. Mathilda sov. Først etter å ha komme oss ner på vegen igjen, vakna ho opp, tørka vekk nokre dråper regn frå kinna, smilte, og begynnte å bable igjen. Og alle var einige om at det var ein fin tur. :-)

Det kjem snarleg ein omtale av bæremeisen

@fjellsprell

mandag 3. mars 2014

Nærtur

På søndag vart det ein runde med Bæremeis ikkje so langt frå heimen. Me tok Fløybana opp og starta turen der. Ved Skomakerdiket går det sti opp til Fjellhytten. Me valde den som ligg til høgre med det same du kjem til vatnet. Stien går gjennom skog og oppover berg, ein variert og spennande sti for barn. 

Utsikt mot Ulriken og Vidden.

Ved Fjellhytta valde me stien mot Blåmansvegen, og videre mot Brushytta. (Her er forresten både toalett og stellerom). Me følgde grusvegen mot Fløyen, men tok av mot Fløyvarden i "krysset". Det fyrste me fekk auga på her var dompapen og eit ekorn. Ekornet forsynte seg av fuglematen og brydde seg lite om alle som prata på sti og veg.



Me tok ein kjapp tur oppom sjølve Fløyvarden.  




Lunsjen tok me på ein skogbunn dekka av furunåler og kongler. Mathilda var fornøyd etter ein porsjon havregraut, litt kryping og utforsking av skogbunnen. 




Me pakka oss oppi meisen att og avslutta turen ned Brattetrappen og videre ned Tippetue. 




Ein fin runde med eller uten barn, i variert terreng.