søndag 20. september 2015

Ut å kjenne på hausten.



I dag var det tid for nærtur i Øvsthusmarka og på Håjen. Det byrjar å ramle blader av trea, men er framleis grønt i skogen. Me brukte god tid på å kikke og undre oss saman i skogen i dag. 
Mathilda går litt og sitt på rygg når ho treng pause. Ho hopper på steiner, plaskar i vatn, kjenner på blader og plukkar med seg det ho finn. 
Theodor har god utsikt frå ryggen og utforskar skogbunn når me stoppar.
I dag hadde me bål, Mathilda vart ivrig med inn mellom trea for å hente fleire kvister. Ho fann også kongler og mose. 
I dag gjekk turen også innom nokon som inviterte på nysteikte bollar, og ny sti kunnskap påtilbakevegen. 


   




søndag 5. oktober 2014

Søndagstur

Ein liten søndagstur i Øvsthusmarka for familien fjellsprell. Mykje fine haustfargar, starta i regn og avslutta i sol.

Regnet laga flotte sølepyttar å utforske. 


Ein liten pause med kakao og kjeks. 


Morsomt å prøva seg på klatring i trær. 


Ei ristar i treet og ein slappar av.


Nesten heime igjen, takk for turen!

onsdag 19. mars 2014

Sovande til Bergens tak

Sovande til Bergens tak


Fredag 7. Mars var det varsla "ekstremvær" i Bergen. Det skulle regne "katter og hunder", "bøtter og spann", eller i alle fall store mengder. I tillegg skulle det vere ein "lei trekk", storm eller i alle fall noko i den retning. Denne sjansen kunne ein ikkje la seg gå hus forbi. Takketvære fru fjellsprell har familien Mjøs gått til anskaffelse av ein Osprey Poco Plus bæremeis, og denne måtte jo settes på prøve. Tidlegare turar i meis, har vist at kombinasjonen sterk vind og mykje regn ikkje alltid har fallt i smak for frøkna bak på ryggen.

Det viste seg at dette var ein stor hending, så fjærnsynet stilte opp og foreviga starten av turen, som var frå Montana. For dei som eventuellt ikkje kjenner til kvar Bergens tak er (frå overskrifta) så er det altså fjellet Ulriken med sine 643 moh. Opptaket, som vart vist på vestlandsrevyen finn ein her: Vestlandsrevyen 07.03



Etter lett vandring gjennom skogen, på framsida av fjellet, kom me etterkvart opp i meir ope landskap, og meire vær. Kunne her observere, gjennom speil-kompasset, at Mathilda brydde seg fint lite om været som hamra inn frå vest. Ho pludra og koste seg som vanleg inni den little hula som regntrekk og solskjærm lagar til ho. Etter denne testen, fann eg ut at det ikkje var nokon grunn til å snu ved første motstand, så me traska fint videre oppover.








Om det var den manglande utsikta, og at turen difor vart for kjedeleg, eller om det berre var all leikinga på førehand som gjorde det er usikkert, men uansett, 100 høgdemeter før toppen sovna Mathilda baki meisen. Og utsikta var jo ikkje noko å skryte av. Eg hadde vel i grunn nok med å gå med sjøbein for å ikkje blåsa overende siste stykke opp mot masta. Ein kjapp stopp for å ta på ein fleece, så bar det ned igjen. Mathilda sov. Over kammen og ned dei fyrste trappetrinna måtte hetta på jakken gi tapt, og slapp taket frå hovudet, så ein kan vel trygt sei at det var litt meir enn berre ein "lei trekk" denne dagen. Mathilda sov. Først etter å ha komme oss ner på vegen igjen, vakna ho opp, tørka vekk nokre dråper regn frå kinna, smilte, og begynnte å bable igjen. Og alle var einige om at det var ein fin tur. :-)

Det kjem snarleg ein omtale av bæremeisen

@fjellsprell

mandag 3. mars 2014

Nærtur

På søndag vart det ein runde med Bæremeis ikkje so langt frå heimen. Me tok Fløybana opp og starta turen der. Ved Skomakerdiket går det sti opp til Fjellhytten. Me valde den som ligg til høgre med det same du kjem til vatnet. Stien går gjennom skog og oppover berg, ein variert og spennande sti for barn. 

Utsikt mot Ulriken og Vidden.

Ved Fjellhytta valde me stien mot Blåmansvegen, og videre mot Brushytta. (Her er forresten både toalett og stellerom). Me følgde grusvegen mot Fløyen, men tok av mot Fløyvarden i "krysset". Det fyrste me fekk auga på her var dompapen og eit ekorn. Ekornet forsynte seg av fuglematen og brydde seg lite om alle som prata på sti og veg.



Me tok ein kjapp tur oppom sjølve Fløyvarden.  




Lunsjen tok me på ein skogbunn dekka av furunåler og kongler. Mathilda var fornøyd etter ein porsjon havregraut, litt kryping og utforsking av skogbunnen. 




Me pakka oss oppi meisen att og avslutta turen ned Brattetrappen og videre ned Tippetue. 




Ein fin runde med eller uten barn, i variert terreng. 

onsdag 16. oktober 2013

Haust

Dei siste dagane har me nytt det fantastiske haustværet til fjells. 

Vøringfossen nedanfrå.

Første tur på ryggen, kjempe stemning!
Rallarvegen frå Haugastøl mot Finse

Litlo utforska bakken. 

Nyt frokost i haustsola, fine dagar i fjellet!






torsdag 1. august 2013

Prestholtskarvet - 1853moh

I dag var Mathilda for første gong på Hallingskarvet. Me kjørte til Prestholtsetra og gjekk opp til Prestholtskarvet.
Første del av stien er trapper i stein bygd av sherpaer dei siste åra. Frå bunn kan ein nesten ikkje sjå stien då den går i eitt med steinura.
Me måtte kryssa fleire snøfelt oppå skarvet. 

Mathilda og Magnus på toppen 1853moh!








mandag 17. juni 2013

På leit etter skatter i Kossdalen


Dersom ein tek turen frå Mjøsvågen innover Kossdalen kan ein finna markakunst etter vegen. Årets markakunst er merka med nummer (raude tal på stein) og ein kan få med kart frå Galleriet i Mjøsvågen. Det er også markakunst frå fleire år tilbake i Kossdalen. Her er eit lite utval:

Det er best å vera føre var.....
 
Kvar fører denne stien tru?

Kven bur her?

Kva lyd lagar desse?

Ein spennande tur for små og store.

Dersom det er sundag kan ein ta middag, kaffi og ein is i Mjøsvågen kafé. Her lagar dei gode rettar frå grunn av med lokale råvarer. Anbefalles!

God tur!