Sovande til Bergens tak
Fredag 7. Mars var det varsla "ekstremvær" i Bergen. Det skulle regne "katter og hunder", "bøtter og spann", eller i alle fall store mengder. I tillegg skulle det vere ein "lei trekk", storm eller i alle fall noko i den retning. Denne sjansen kunne ein ikkje la seg gå hus forbi. Takketvære fru fjellsprell har familien Mjøs gått til anskaffelse av ein Osprey Poco Plus bæremeis, og denne måtte jo settes på prøve. Tidlegare turar i meis, har vist at kombinasjonen sterk vind og mykje regn ikkje alltid har fallt i smak for frøkna bak på ryggen.Det viste seg at dette var ein stor hending, så fjærnsynet stilte opp og foreviga starten av turen, som var frå Montana. For dei som eventuellt ikkje kjenner til kvar Bergens tak er (frå overskrifta) så er det altså fjellet Ulriken med sine 643 moh. Opptaket, som vart vist på vestlandsrevyen finn ein her: Vestlandsrevyen 07.03
Etter lett vandring gjennom skogen, på framsida av fjellet, kom me etterkvart opp i meir ope landskap, og meire vær. Kunne her observere, gjennom speil-kompasset, at Mathilda brydde seg fint lite om været som hamra inn frå vest. Ho pludra og koste seg som vanleg inni den little hula som regntrekk og solskjærm lagar til ho. Etter denne testen, fann eg ut at det ikkje var nokon grunn til å snu ved første motstand, så me traska fint videre oppover.Om det var den manglande utsikta, og at turen difor vart for kjedeleg, eller om det berre var all leikinga på førehand som gjorde det er usikkert, men uansett, 100 høgdemeter før toppen sovna Mathilda baki meisen. Og utsikta var jo ikkje noko å skryte av. Eg hadde vel i grunn nok med å gå med sjøbein for å ikkje blåsa overende siste stykke opp mot masta. Ein kjapp stopp for å ta på ein fleece, så bar det ned igjen. Mathilda sov. Over kammen og ned dei fyrste trappetrinna måtte hetta på jakken gi tapt, og slapp taket frå hovudet, så ein kan vel trygt sei at det var litt meir enn berre ein "lei trekk" denne dagen. Mathilda sov. Først etter å ha komme oss ner på vegen igjen, vakna ho opp, tørka vekk nokre dråper regn frå kinna, smilte, og begynnte å bable igjen. Og alle var einige om at det var ein fin tur. :-)
Det kjem snarleg ein omtale av bæremeisen
@fjellsprell

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar