tirsdag 9. april 2013

Fra Upsete til Ustaoset

I vinterferien var det tid for å komme seg til Fjells. Litt famile var på hytta på Ustaoset, så ein visit der var på sin plass. Konemor måtte desverre vere igjen heime og jobbe fram det little barnet i magen, så det var duka for solo-tur.



Eg tok toget opp i solskinn til Upsete stasjon. Første delmål var å karre seg oppover til Kaldavasshytta. Det tok ikkje lang tid før eg vart forbigått av 2 stk som hadda pakka litt lettare enn meg, men det var greit å ha nokon å ligge i helane på.



Etter Kaldavasshytta bar det bratt oppover mot Vossaskavlen. Vatnet ved hytta ligg på 1200 moh. medan toppen rett før Vossaskavlen er på 1500 moh. Og det er ikkje meir enn ca. 1km. i luftlinje - så dette vart turens hardaste oppstigning. Eg tok ikkje tida, men trur det gjekk ca. 2 timar.


 
 Her er eg neste på toppen, og ein kan i teorien skimte Kaldavasshytta i bakgrunnen. Herifrå var det slutt på tunge oppstigningar, og det låg ann til å verta ein del fine, og nokon utfordrande nedkjøyringar. Eg vart advart om at det kunne vere behov for å fire pulken ned med tau i enkelte av skara, men dette viste seg å gå meir eller mindre smertefritt.





Etter ei roleg natt ved Hallingskeid utan mobildekning, (dette var litt kritisk då eg gjerne skulle ha sjekka med konemor om det var kommen eit litt for tidleg barn eller ikkje) bar det i veg mot Finse for å freista lukka der. Herleg å starte dagen samstundes som sola står opp.






Etter nokre timar klarte sola å ta meg igjen, og isen i skjegget og håret begynnte å sleppe taket. Knappe 4 timar tok det til Finse, der eg kunne få bekrefta at barnet låg trygt og godt inne i magen.

Etter telefon, kaffi, Finse-blings, bolle (desverre med rosin) og ein noko overprisa solkrem frå Finse supermarked var eg klar for etappe nr. 2. Benedicte kunne vinke meg avgarde gjennom BT sitt web-kamera der eg stod fint å venta på at toget skulle køyre forbi.

Eg håpa på at det skulle vere spor å følge frå Finse, for å kunne klare å komme fram til Ustaoset utan ei ekstra overnatting. Dessverre varte det ikkje lenge før det vart usemde mellom kartet og skisporet. Eg vart nødt til å leggje mitt eige spor.



Eit antall timar seinare, etter det frykteleg lange og kjedelege Lengjedalsvatnet, var det heimlege fjell i syningom. Hallingskvarvet som delast brutalt i to ved Folarskaret er eit tydeleg teikn på at det ikkje er så langt igjen. I alle fall ikkje i denne samanhengen. Middagen som hadde vorte utsett fleire gongar, lova at den skulle komme på bordet når eg var komen inn på kvista løype ved Bjørnebulægret.


Etter ein kort, god og litt lunken middag kom månen fram for å visa meg vegen det siste stykket. Dagslyset hald ikkje heile vegen fram, og det vart ca. 2 timar i nydeleg måneskinn. Hodelykt var kun nødvendig ved stor fart i ein "offpiste" kryssning mellom to løyper.

Det gjorde godt å komme fram til oppvarma hytte på Ustaoset.

Fakta:
Dag 1: Upsete - Hallingskeid: 19 km - 7t
Start: 880 moh. Høgste punkt: 1521 moh. Slutt: 1090 moh.

Dag 2: Hallingskeid - Finse - Ustaoset: 56 km - 13t
Start: 1090 moh. Høgste punkt: 1454 moh. Slutt: 1100 moh.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar