søndag 13. januar 2013

Nærmiljø tur i nydelig solskin

I går var mannen og eg på klyvetur opp til Fjellhytten, som ligg eit lite stykke opp frå Fløyen. Ein kan velga ulike vegar opp til Fjellhytten. Denne gongen valgte me den som går opp ved starten av Skomakerdiket. (fordi mannen hadde funne mykje flotte buldre berg). Mannen buldra og kløyv på alt som var innanfor rekkevidde, medan eg heldt meg mest på stien. 







Etter nyttår har formen komme seg veldig, kroppen har kanskje vendt seg til å bæra på ei til?
Så i dag tok me ein kjapp tur opp til Fløyen og ned igjen. Kjempefornøyd med stigande form!!

2 kommentarer:

  1. Så gøy! Fine bilete :) No må eg komma i form og sånn at me kan bæra på kver si lita tulla te våren når me skal gå på Fløyen :D

    SvarSlett
  2. Hehe, da e di tulla som e tyngst å bære ;)

    SvarSlett